Når Totland-kverulanten vaknar

– Nei, eg les ikkje bøker, sa servitøren. – Eg er nok ei skikkeleg yrkesfagjente. I det same kjende forfattar Anders Totland korleis den indre kverulanten i han vakna til live.

Skrevet juni 12, 2017 i Bibliotek/lærer, Foreningen !les 20 år: 1997 - 2017, Formidling, Lærer ungdomsskolen, Nyheter Legg inn kommentar

Foreningen !les er 20 år i år. I jubileumsåret vil vi ukentleg publisere tekstar frå personar som har bidrege i foreningas arbeid med å skape leselyst blant barn, ungdom og vaksne.


Denne veka kjem teksten frå Anders Totland. Anders er forfattar og har vore med i leseaksjonanen Tid for ti og tXt med boka Engel i snøen. For boka vann han også nyleg Nynorsk barnelitteraturpris. I mars reiste han og prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les på ein turné i Sogn og Fjordane. (Foto: Marius Knutsen)

For dum til å lesa
Under ein turne i Sogn og Fjordane, hamna eg i vår på ein framifrå restaurant. Då me hadde svara på kva me ville ha å eta, stakk sidemannen min inn eit spørsmål til servitøren, som ho tydelegvis ikkje får altfor ofte.

– Les du mykje bøker? spurde han.

Sidemannen, som for øvrig heiter Ole Ivar Burås Storø og har ein slags fetisj for å snakka om at lesing gjer deg flink til å spela fotball, tar tydelegvis aldri heilt fri. Sjølv når importølet kjem på bordet, står lesing fremst i pannebrasken.

For å vera heilt ærleg, blei eg litt overraska over det frimodige spørsmålet. Rett nok hadde me alt snakka ein del med servitøren, men då hadde det handla om fisk og fordommar, vin og øl. Og så, ut av det blå, kom dette spørsmålet om lesing.

Men skikkeleg satt ut blei eg ført då eg høyrde svaret.

– Nei, eg les ikkje bøker, sa servitøren. – Eg er nok ei skikkeleg yrkesfagjente.

I det same kjende eg korleis den indre kverulanten i meg vakna til live.

– Eg jobbar med å skriva bøker, og er her for å lesa for sjuandeklassingane i kommunen, sa eg. – Og eg er utdanna kokk.

Det gjorde ikkje heilt det inntrykket eg hadde håpa på. Svaret kom rimeleg kontant.

– Eg er vel ikkje skikkeleg vaksen enno, eg då, svara servitøren og forsvann bak disken igjen.

Dermed var den samtalen slutt.

Men eg klarte ikkje heilt å sleppa tanken på det ho hadde sagt. Kan liksom ikkje servitørar lesa bøker? Og kva med alle tømrarane, mekanikarane og helsefagarbeidarane? Har dei nok med å høyra på P4 medan dei blar i dei glansa magasina sine, med store bilete og lite tekst? Er dei rett og slett for dumme til å lesa skikkelege bøker?

Svaret er sjølvsagt nei.

Ingen er for dumme til å lesa bøker. Og om du likevel er heilt overbevist om at du er litt meir enn sånn passe dum, må du i alle fall lesa. Då blir du nemleg litt smartare. Det seier i alle fall Ole. Eg trur det handlar om synapsar.

Men i alle fall: Sjølv om eg strengt tatt er utdanna kokk, er det skriving eg jobbar med. I avisa Sunnhordland, der eg er journalist, og som forfattar.

Og ein ting er sikkert: Utan lesarar, hadde eg slutta på dagen.

Eg har høyrt at det finst dei som skriv for seg sjølv. Der er ikkje eg.

Som journalist skriv eg strengt tatt fordi eg får ein nokolunde akseptabel sum pengar inn på kontoen kvar månad, men som forfattar skriv eg for lesarane.

Sidan hausten 2015 har eg gjeve ut ei barnebok og ei ungdomsbok, og i haust er eg aktuell med kokeboka «Digg» og ungdomsromanen «Så lenge ingen ser oss». Men målet er heile tida det same; at det eg skriv skal bli lese av heilt vanlege menneske som kan la seg inspirera, fascinera, smila, fortvila og kanskje grina ein skvett.

Sjølv om det er umåteleg stas når bokmeldarane likar det eg skriv, er det ikkje først og fremst dei eg skriv for. Heller ikkje andre forfattarar, eller bibliotekarar og lærarar. Forstå meg rett: Eg skriv også for desse, men det er ikkje der eg legg inn innsatsen.

Noko av det eg bruker mest tid på når eg skriv, er å gjera tekstane lette. Ikkje innhaldet, men sjølve teksten. At ein tekst både kan lesast av superlesarane og dei som knapt har lese ei bok før, har ein eigenverdi. Eg går berre ikkje med på at dei som slit med lange setningar skal måtta nøya seg med enkelt innhald og simple plott.

Problemet er berre at det blir gjeve ut frykteleg mange bøker her i landet, og det er lett å forsvinna i mengda. Eg kan i alle fall ikkje forventa at ungdom, anten dei driv dank eller går på yrkesfag, på eiga hand skal leita seg fram til akkurat mine bøker.

Då er det godt å vita at det finst folk som har som jobb å løfta fram bøkene som kan passa for alle slags menneske – også ungdommar.

Med den første ungdomsboka mi, «Engel i snøen», var eg så heldig at eit utdrag av teksten blei brukt i to av lesekampanjane til Foreningen !les. Nesten 140.000 elevar frå 7. til 10. klasse har sidan hausten 2016 fått ein smakebit av boka mi gjennom txt-aksjonen og «Tid for ti».

Det gjev resultat. Då ungdommen sjølv skulle kåra den beste, norske ungdomsboka i 2016, fekk «Engel i snøen» fleire bokmeldingar enn nokon andre bøker har fått i Uprisen si historie.

Det er nesten til å bli stum av.

Men berre nesten. For før eg set punktum, må eg berre få sagt det:

Tusen takk, og til lukka med 20-årsjubileet!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *