Kastar seg over nynorsk litteratur

Heile 12 000 elevar på 7. trinn er påmeldt den nynorske leseaksjonen Tid for ti. Aksjonen er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og ei rekkje andre nynorskaktørar. Målet er presentere elevar på 7. trinn for nynorsk skjønnlitteratur.

Skrevet januar 14, 2016 i Bibliotek/lærer, Nyheter, Presse Legg inn kommentar

Illustrert av Vibeke Røgler/Foreningen !les

Illustrert av Vibeke Røgler/Foreningen !les

Pressemelding frå Foreningen !les 14. januar 2016
Kontakt: Ole I.B. Storø, tlf.: 480 03 448

Lærarar i heile landet frå bokmåls- og nynorskskular har meldt på 12 000 elevar til aksjonen. Dei får ein gratis antologi med utdrag frå ti bøker skrivne for målgruppa og ei eiga nettsida knytte til aksjonen, tidforti.no.

– Vi er svært glade for at så mange har meldt seg på aksjonen. Det tydar på at nynorsk er etterspurt i skulen, og at lærarar og elevar er nysgjerrige på den nynorske litteraturen, seier prosjektleiar i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

Foreningen !les ønskjer at aksjonen no skal etablere seg på 7. trinn.

– Det er eit ressursspørsmål, men vi ser eit tydeleg behov for litteraturtiltak for denne målgruppa, spesielt med fokus på nynorsk. Dessutan seier kompetansemåla at elevane skal lese eit breitt utval av tekstar på bokmål og nynorsk. Aksjonen kan samstundes vere ein nyttig inngang til ungdomsskulen, legg han til.

Janne Karin Støylen, formidlar ved Nynorsksenteret, trur Tid for ti vil vere viktig for både nynorsk- og bokmålselevar.

– Håpet er at nynorskelevane skal få betre språkleg sjølvkjensle, og at bokmålselevane skal få ein betre start når dei skal ta til med skriftleg nynorsk-opplæring i 8. klasse. Eg er veldig glad for at Foreningen !les engasjerer seg i dette, seier Støylen.

«Tid for ti» inneheld utdrag frå følgjande bøker:
Keeper’n til Tunisia av Lars Mæhle, Samlaget
Hjarteklapp av Hilde K. Kvalvaag, Samlaget
Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland, Samlaget
Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo, Cappelen Damm
Drakeguten av Asbjørn Rydland, Samlaget
Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim, Samlaget
Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund, Mangschou
Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl, Samlaget
Rekrutten, grafisk roman av Robert Muchamore. Ill. av Ian Edginton & John Aggs, Samlaget
Veslebror ser deg av Cory Doctorow, Samlaget

Kontakt:
Ole Ivar Burås Storø
Prosjektleiar Foreningen !les
Epost: ole@foreningenles.no
Tlf.: 480 03 448
www.tidforti.no

Om Foreningen !les
Ein ideell medlemsorganisasjon og Noregs framste formidlar av litteratur til barn og ungdom. www.foreningenles.no

Om Nynorsksenteret
Eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen. Nynorsksenteret legg vekt på å utvikle metodar og arbeidsmåtar som kan vere med på å skape språkkompetanse og motivere for arbeid med nynorsk. www.nynorsksenteret.no