Juryklasse Uprisen: Rubbestadneset skule

Rubbestadneset skule stiller med ein av klassane til Uprisen 2013. Her kan du lese kva 9. klassen skriv om seg sjølv.

Skrevet april 10, 2013 i Lærer ungdomsskolen, Nyheter, Uprisen, Uprisen, Uprisen - årets ungdomsbok Legg inn kommentar

Juryklasse: 9. klasse Rubbestadneset skule

Me kjem i frå Rubbestadneset skule. Det er ein skule med trinn 1-10. Denne skulen ligg på ei fin øy med namnet Bømlo, og ligg i Hordaland fylke. Denne delen av fylke er eit nynorsk område. Derfor passa det fint at ei av bøkene var på nynorsk. I 9.klasse ved Rubbestadneset skule finn me 17 leseglade, engasjerte, koselege og aktive elevar. Me er privilegerte og glade for å bli utplukka som juryklasse, og me tar oppgåva svært seriøst. No har me fått den glade meldinga om at heile klassen skal få vere med på prisutdelinga på Lillehammer. Fylket har valt å bruke pengar på at alle skal få vere med! Då skal det bli ei kjekk oppleving for heile klassen og ein spennande avslutning på eit flott prosjekt.

Lesinga er me godt i gang med og me håper at alle får tid til å lese alle bøkene. Me håpar og trur at alle vil fortsette å lese mange bøker sjølv etter at me er ferdig med U-Prisen. Av dei bøkene som er lest har nokon falt i smak, mens andre ikkje har falt i smak. Me er ein klasse som har mange meiningar og er ikkje redde for å stå for dei. Klassen er ganske sta, og gir seg ikkje så lett. Så det blir fort bli mange og lange diskusjonar. Me trur at me kan få mykje ut av denne opplevinga, både som klasse og som enkeltpersonar. Derfor skal me ivrig fortsette å lese bøker med stort pågangsmot.