Nye medlemmar i Foreningen !les

Foreningen !les er ein medlemsorganisasjon med medlemmar frå heile bok- og formidlingsbransjen i Noreg. Så langt i 2018 har vi fått tre nye medlemmar, og har no til saman 40 medlemmar.

Skrevet januar 30, 2018 i Nyheter, Presse Legg inn kommentar

Året i Foreningen !les startar bra! Vi er svært glade for at tre nye medlemmar har bestemt seg for å støtte arbeidet vårt i 2018.

Foreningen !les er ein medlemsorganisasjon. Alle våre medlemmar er svært viktige for oss. Det å ha medlemsorganisasjonane si støtte i ryggen er essensielt og eit viktig bidrag i arbeidet vårt med å fremme lesing. I løpet av 2017 hadde vi gleden av å ønskje to nye medlemmar velkomen – Juritzen forlag og Omnipax forlag. No i 2018 har også Fri Bokhandel SA, Res Publica forlag og Bibliotekarforbundet blitt nye medlemmar hos oss.

– Bibliotekarforbundet ser betydninga av Foreningen !les. Vi deler deira mål om å inspirere befolkninga til å lese meir, seier Jannicke Røgler, leiar i Bibliotekarforbundet.

– Foreningen !les gjer eit utrolig viktig og godt arbeid med å formidle bøker og forfattarar til små og store rundt omkring i landet, og det er eit arbeid vi ønskjer å støtte. Som sakprosaforlag ønskjer vi selvfølgeleg også at prosjektet Faktafyk kjem opp og står igjen. Det var eit veldig populært prosjekt, seier forlagssjef i Res Publica forlag, Stian Bromark.

– Arbeidet for leseglede, leseferdigheiter er meir nødvendig enn nokon gong. Eg trur det er viktig at nye generasjonar ser at det å lese ikkje berre er kilden til innsikt og kunnskap, men at det å lese også kan gi glede og ro i ein ellers hektisk digital kvardag, seier dagleg leiar i Fri Bokhandel SA, Helén Foss.

Les meir om Foreningen !les her.