Å lese seg til større fridom

Som redaktør og forfattar er drivkrafta for Ragnfrid Trohaug å få lov til å gje den unge lesaren høve til å treffe, sanse, forstå og oppleve noko for første gong gjennom litteraturen. – Eg unner alle å lese seg inn og fram til større fridom, skriv ho i 20-årsteksten til Foreningen !les.

Skrevet juli 10, 2017 i Bibliotek/lærer, Foreningen !les 20 år: 1997 - 2017, Lærer ungdomsskolen, Lærer videregående, Nyheter Legg inn kommentar

Foreningen !les er 20 år i år. Kvar veke vil vi publisere tekstar frå personar som har bidrege i vårt arbeid med å skape leselyst blant barn, ungdom og vaksne.


Teksten denne veka er frå Ragnfrid Trohaug. Ragnfrid er forfattar og har i 11 år vore redaktør i Samlaget. Frå 1. august startar ho som redaksjonssjef for norskredaksjonen i Cappelen Damm Barn & Ungdom. Ho har delteke i tXt-aksjonen som forfattar og som redaktør stått bak mange bøker som har vore ein del av ulike tiltak i Foreningen !les, blant anna Bokslukerprisen, Tid for ti og tXt. Som redaktør har ho og vunne Uprisen – årets ungdomsbok fire gongar.

«Når eg ser i bakspegelen og skimtar konturane av åttitalets nordnorske barndom, når eg tar denne åttitalsbarndommen og held det opp mot dagens barndommar, då forstår eg at eg er steingammal. Eg vaks opp i ei tid vi knapt såg foreldra våre. Dagens foreldre har historisk sett aldri brukt så mykje tid saman med ungane sine som no, mens vi på åttitalet måtte ta til takke med NRK, biblioteket, fotballbanen og lysløypa i mangel på foreldre som kunne vere med oss. Eg er rett og slett oppvoksen i ei tid og på ein stad kor curlingforeldre og skolefritidsordning ikkje fanst, mens foreldre av begge kjøn som arbeidde dobbelt og trippelt for å halde tritt med renta, i aller høgste grad fanst.

Allereie frå førsteklasse måtte vi jentene frå gata kvar einaste kvardag fylle tida mellom 1300 og 1600 sjølv. Etter at vi hadde gjort leksene og før vi måtte sette potetene på kok, var vi fri til å gjere kva vi ville. Når lysløypa var for hard, når vi hadde støvsuga skapa for sirup, sukker, Kapteinskjeks og kakao, når leiken berre gjekk over i krangling (og det gjorde den ofte), då henta vi kvar vår bok og la oss tett saman på varmekablane på badet, tidde stille og berre las og las. Bøkene hadde vi anten snopa frå bokhyllene heime hos kvarandre, eller frå biblioteket som låg eit spydkast unna, vi gjekk aldri tomme, vi fylte alltid på i tide. Brått var det tid for potetene, og mens potetene kokte skrudde vi på radioen og høyrde «opp fra skrivebordskuffen» og «tid for bok». Det å lese, eller det å bli lest for gjennom radioen og NRK P2, var for oss ein like naturleg del av den daglege rutinen som SFO er for dagens barn. Litterære heltar og heltinner fekk vere med i leiken vår og kvardagsliva på eit heilt sjølvsagt vis; dei fiktive referansane var like reelle for oss som det verkelege livet.

Vi leikte Leif Hamres spenningsroman Otter tre-to-kaller i den iskalde snøen, eg var gut ei heil veke på sommarleir i femteklasse, sterkt inspirert av Ulf Starks Jeg tar sjansen, vi skreiv dikt til Mary Jane og sminka oss mørke i huda, og leikte Anne frå Bjørkely til krampa tok oss. Litteraturen gjorde handlingsrommet vårt som jentungar i ein åttitalsforstad så mykje større, og difor søkte vi oss gong på gong inn i fiksjonen, og fryda oss over alt vi fekk ta del i gjennom bøkene. Og det er vel difor eg framleis les: for å utvide rammene for det som er livet, men ikkje minst for å prøve å kome i kontakt med den indre jubelen og totale fridomen eg kjende som lesande og leikande barn, og som eg sjeldnare kjenner på som vaksen. Når rommet og rammene blei for tronge, jentene for kjipe, gutane for rå og foreldra for langt unna, kom litteraturen oss til unnsetning og peika veg.

Eg unner alle å lese seg inn og fram til større fridom, og både som redaktør og forfattar er drivkrafta å få lov til å gje den unge lesaren høve til å treffe, sanse, forstå og oppleve noko for første gong gjennom litteraturen. Som ei jente på Gjøvik sa ein gong for lenge sidan då eg var på DKS-turné: «det er ingen som har sagt det før, men du sier det akkurat som det er.» Sjølv les eg for å sjå betre, forstå betre, eg formidlar og skapar for at unge lesarar skal få same høve til innsikt.

Som forfattar har det alltid vore stor stas å vere med i tekstantologiane til Foreningen !les, det å vite at bøkene når ut så breitt og blir formidla så godt, er ei glede. Som forlagsmennesket og forsvarar av barns språklege rettar, har det vore ei sann glede å få samarbeide med Foreningen !les om leseaksjonen Tid for ti, kor 15 000 sjuandeklassingar får eit heilt hefte med berre nynorske tekstar. Tid for ti bidrar sterkt til å oppfylle både hovudmåls- og sidemålsbrukarens rett til å bli stø i nynorsk, og det er ein fryd å sjå kor godt mottatt aksjonen er der ute i skolen.

Foreningen !les skal ha takk for å ta på alvor at barn og unge har rett på å få bli trygge lesarar, rett på å få møte litteraturen på begge målformer. Det demokratiske prosjektet Foreningen !les har gåande, vil vere endå viktigare i tida framover og framtida treng eit sterkt Foreningen !les, det er eg brennsikker på.

Innimellom kan eg sakne det gode lesesuget i magen som eg hadde som barn, lite kan måle seg med det. Ein stor takk til Foreningen !les som lar så mange barn og unge er til lands får bli lesesuget til del. Det fortener både dei og samfunnet vårt.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *