Dei som opnar boka for borna

Du høyrer sjeldan om dei. Du ser dei heller ikkje så ofte. Men dei er der ute – i kvar ein einaste krik og krok i dette langstrekte landet. Kvar dag jobbar dei utrøytteleg for at barn og ungdom skal bli glade i å lese. Eg snakkar sjølvsagt om dei verkelege heltane – bibliotekarane og lærarane.

Skrevet juli 6, 2017 i Bibliotek/lærer, Formidling, Meninger Legg inn kommentar

Ei veke i mars var eg så heldig å få besøkje fleire av desse heltane då eg saman med forfattar Anders Totland reiste rundt på ein miniturné i Sogn og Fjordane. Det blei ei oppleving verd å skrive heim om.

Eit viktig samspel
Foreningen !les har heilt sidan starten i 1997 hatt eit godt samarbeid med skule- og biblioteksektoren, frå nasjonalt, via regionalt og til lokalt nivå. Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon på 7. trinn i norsk skule som blei etablert i 2015. I aksjonen formidlar vi antologiar med utdrag frå nynorske bøker tilpassa målgruppa. 15 000 elevar frå samlege fylke deltek, så dette er ikkje ein aksjon berre i dei såkalla kjerneområda, men i heile Noreg. Tid for ti er i samarbeid med Nynorsksenteret og støtta av Norsk kulturråd. Eit utdrag frå Anders Totland si bok, Engel i snøen, er med i antologien for skuleåret 2016/17.

Turneen var ein del av Tid for ti og blei organisert av og gjennomført i samarbeid med Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane. I løpet av ei veke var vi innom åtte bibliotek og ein skule i fylket. Vi møtte over 200 elevar desse dagane. Besøka blei ei stadfesting på at litteraturen og formidlinga er i trygge hender, men og på at ting ikkje går av seg sjølv. Tilgjengelegheit og formidling av litteratur er avhengig av eit samspel mellom nasjonale tiltak, regionale tilretteleggjarar og dedikerte lokale aktørar. Når gode krefter samlar seg og utviklar eit tett samarbeid, blir resultata gode. Det er i alle fall vår erfaring i Foreningen !les. Tid for ti er eit godt døme på det.

Dei verkelege portopnarane
For at Tid for ti skal fungere i praksis, er vi avhengige av at lokale ressurspersonar tek aksjonen i bruk. Ein kan sitte på eit kontor i Oslo og utforme ein aksjon, lage ein antologi og oppfordre skular og bibliotek til å melde seg på. Ein kan designe og lage ei brukarvennleg nettside som er tilpassa aksjonen, og utvikle rettleiingar og tipshefte til lærarar og bibliotekarar. Og ein kan pakke materiell og køyre det fram til skulane og biblioteka. Men kva så? Kva skjer vidare? Då må jo nokon pakke ut bøkene, gje dei til elevane og jobbe aktivt med tekstane for at eit engasjement for lesing skal oppstå og halde fram. For at det skal skje ei oppleving rundt litteraturen, der og då, men som og festar seg. Det er dei vaksne formidlarane på bibliotek og skular, på større og mindre stader, i bygder og byer, i nord, sør, aust og vest, som er dei verkelege portopnarane til den litterære verda for unge lesarar.

Derfor var det kjekt å få moglegheita til å reise rundt og møte desse portopnarane. Sjå kva for ein fantastisk jobb dei gjer med å gjere litteraturen tilgjengeleg og med å skape leselyst hos barn og ungdom. Eg blei letta over å sjå at Tid for ti var synleg i biblioteka og at lærarane hadde jobba med tekstane saman med elevane. Eg blei imponert over å sjå korleis dei alle jobba med aksjonen. Korleis biblioteka brukte prosjektet til å lage utstillingar, tapetserte ein del av biblioteket med plakatar og omslag, og korleis dei løfta fram bøkene i aksjonen, men og andre nynorske titlar. Over korleis dei rigga til for besøk, flytta på bokhyller, sette inn stolar og trilla inn piano. Eg blei takksam for at lærarane saman med elevane hadde lese utdrag frå antologien, skrive ned sine tankar om tekstane og korleis dei hadde førebudd spørsmål dei skulle stille. Eg blei rørt over å sjå all innsatsen dei la ned for at dei unge sinna skulle gløyme skule, kartlegging og lekser for ei stund. For at dei berre skulle ta del i bøkene. Her og nu.

Positiv innstilling
Det var lett å føle seg som heime. Uansett kor vi kom, møtte vi det same engasjementet. Den same motivasjonen til å skape ei god oppleving rundt litteraturen. Vi blei møtt av blide fjes og fekk nykokt kaffi og påsmurde rundstykke. Vi snakka om biblioteka si rolle og funksjon i nærmiljøet, om samarbeid mellom skule og bibliotek, og om bøker på hylla og til utlån. Men og om manglande ressursar, uro og store og små utfordringar. Likevel var den same positive innstillinga merkbar på kvar ein plass. Her er nokon som vil noko, som vil gje av seg sjølv for at barn og ungdom skal bli glade i å lese.

Mange var og spente på korleis dette ville gå. Kor mange elevar ville dukke opp? Ville dei kome presis? Kva ville dei og lærarane synast om besøket? Fekk dei plass til alle saman? Kom dette til å bli vellykka? Eg veit ikkje med Totland, men eg kjente på nervøsiteten eg og. Ei lett spenning før ein går på og skal snakke for ei forsamling er naturleg. Men no var det elevar, sjølvaste målgruppa. Ville dei vere lydhøyre, la seg engasjere av argument for å lese, av kva følelsar som kan oppstå når ein les ei skummel bok som Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland, ei feelgood-bok som Keeper´n til Tunisia av Lars Mæhle eller ei trist bok som Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo?

Ny generasjon lesarar
Elevane kom presis og sette seg nysgjerrige til rette på stolane. For dei var ikkje dette ein nynorsk aksjon på tur, eit koordinert besøk med ein nynorsk forfattar. For dei var det noko spennande og annleis som skulle skje. Eit møte rundt litteraturen, med ein forfattar dei hadde lese boka til. Heilt uavhengig av målform. Det var heller ikkje nokon tvil om at Totland var stjerna. Han er trass alt ein ordentleg forfattar. Og han er ein sabla god formidlar, det må eg seie, han klarar å halde på merksemda til elevane i nærare ein time.

Men dei verkelege stjernene er dei som elevane møter dagleg. Dei som står mellom boka og lesaren, dei som formidlar litteraturen og legg til rette for at barn skal få gode litterære opplevingar. Eg vil derfor applaudere dei der ute. Dei som skapar ein ny generasjon lesarar, og som sørgjer for at formidlinga av litteraturen ikkje stoppar opp. Det er ikkje alltid vi hugsar på dei.


Av Ole I.B. Storø
Foreningen !les
ole@foreningenles.no

NB! Dette innlegget blei opprinneleg skreve for bloggen Iver hos Nynorsksenteret og stod på trykk der 5. mai 2017.