!les20: Sveens runddans med Runde

Foreningen !les feirer 20 år i 2017. I forbindelse med jubileet vil vi publisere tekster og hilsninger fra ulike aktører som har bidratt i foreningens arbeid med å fremme leselyst blant barn, ungdom og voksne.

Skrevet februar 20, 2017 i Foreningen !les 20 år: 1997 - 2017, Nyheter Legg inn kommentar

Foreningen !les er en medlemsorganisasjon som ble etablert i 1997 som Aksjon Leselyst. Det var bokbransjen som tok initiativ til aksjonen på bakgrunn av manglende leselyst og dårlige lesevaner blant barn og ungdom. Siden starten har Foreningen !les utviklet seg til å bli blant Norges fremste formidler av litteratur for ulike målgrupper. Mange forskjellige aktører har vært viktige i utviklingen av foreningens arbeid. Vi takker alle sammen for det gode samarbeidet så langt og håper på mange fine øyeblikk i fremtiden.


Ukas tekst er frå den kritikarroste forfattaren Lars Petter Sveen. Lars Petter jobba i Foreningen !les med ansvar for blant anna Uprisen – årets ungdomsbok og Ungdommens kritikarpris. Etter at han slutta i Foreningen !les, blei han sjølv nominert til Ungdommens kritikarpris for romanen Guds barn.

«Eg arbeidde i Foreningen !les i åra 2011-2014, og det eg lærte om og om igjen, var at når nokon les bøker, så startar samtalar.

Foreningen !les hadde eit ganske lite kontor då eg jobba der; tre små rom med arbeidsplassar, eit felles rom for møter, og eit rom ved inngangsdøra. I løpet av mine fire år fekk eg det privilegiet å kontinuerlig skifte arbeidsplass. Kvar gong nokon var i permisjon, fekk eg låne pulten deira. Dei få gongane alle var tilbake på jobb, og det var rom i budsjettet til at eg framleis kunne arbeide der, fekk eg sitte i rommet ved inngangsdøra. Det var ingen møbler på dette rommet, så eg drog på IKEA og kjøpte inn stol, pult, lampe og hylle. Eg greidde å forhandla fram at jobben betalte frakten av møblane. Eg fekk til og med ei korktavle. Men det siste året starta to nye tilsette, og dei skulle få rommet ved inngangsdøra. Eg vart dermed flytta inn i kroken på det eine kontoret der det allereie sat to stykk. Eg vart sendt til IKEA igjen, og denne gongen kjøpte eg det minste skrivebordet eg kunne finne – det var ein modell for barnerom. Og eg greidde å få det akkurat å passe inn i kroken på kontoret. Eg fekk ikkje nokon korktavle, og den gamle vart hengande igjen hos dei nytilsette.

I åra eg var der, arbeidde eg med Ungdommens kritikarpris og Uprisen, samt at eg endte som ein bistandsarbeidar på prosjekta for alle dei andre som var prosjektleiarar. Vidaregåande elevar leste norske samtidsbøker, og diskuterte dei i klasserom, på jurymøter, og i møte med forfattarane. Elevar frå ungdomsskolen leste ungdomsbøker og skreiv om desse bøkene og publiserte alle omtalane på nettet. Eg møtte bibliotekarar og forlagsfolk, lærarar og forfattarar, elevar og studentar, og alltid var det litteraturen som stod i sentrum.

Det var utfordrande og lærerikt. Nokre gongar var det som om det sto gneister av det vi gjorde. Andre gongar ante eg ikkje kva vi heldt på med. Eg reknar med det er slik med alt i livet.

Etter kvart vart eg ganske god på å skrive rapportar og å bruke diverse statistiske verktøy i rapportane. Det var ikkje så utfordrande, men det ga meg muligheit til å stå ved vatnkokaren og snakke med dei andre tilsette.

Ein gong, på eit stort arrangement i Bergen, var eg ansvarleg for å frakte teikneserieskapar Øystein Runde frå hotellrommet og opp til konferansesalen. Det gjekk ganske dårleg. Det starta med at eg drakk meg altfor full på festen kvelden før, fekk komplett fylleangst, og rekna med at Runde greidde sjølv å komme seg på flyet, opp på hotellrommet, og derifrå inn på konferansesalen som låg vegg i vegg. Ein time etter Runde skulle ha landa i Bergen, ringte han meg og sa han hadde mista flyet. Han hadde blitt stoppa i tryggingskontrollen på Gardermoen med ein plastpistol i lomma.

«Kvifor hadde du ein plastpistol i lomma,» spurte eg.

«Eg kom rett ifrå ein barnebursdag,» sa han.

Han fekk heldigvis booka seg ombord i neste fly, og kom til hotellet ein halv time før han skulle på scena. Ti minutt før han skulle på, blir Foreningen !les kalla opp over høgtalaranlegget. Eg ligg på hotellrommet, framleis med fylleangst. Ein av mine kollegaer ringer meg og spør kvar Øystein Runde er. Eg går ut av rommet og finn han ståande ute på fortauet i sokkelesten.

«Er du klar?» spør eg.

«Ja, klar som eit egg,» seier han.

Eg fulgte han opp til scena, og han holdt eit nydeleg foredrag om teikneseriar, i berre sokkelesten. Eg fekk ikkje ansvar for noko arrangement etter dette.

Men kvar var eg?

Jo, litteraturen stod i sentrum. Og når nokon les bøker, så startar samtalar.

Denne kontinuerlige samtalen, både med kollegaene mine i Foreningen !les og med alle eg møtte gjennom jobben, tok eg med meg inn i skrivinga og arbeidet som forfattar. Om eg var med på utvide den litterære horisonten til elevar og lærarar, veit eg ikkje. Men eg utvida min eigen litterære horisont.

Gratulerer med 20 år, Foreningen !les!»