Bokslukarar invaderte Oslo sentrum

Den store scena i Spikersuppa var fylt opp da Foreningen !les lanserte Bokslukerprisen og tXt-aksjonen på opninga av Oslo Bokfestival.

Skrevet september 15, 2014 i Barneskole, Bibliotek, Bibliotek/lærer, Nyheter, tXt-aksjonen, ungdom Legg inn kommentar

Bokslukerprisen_elever_programleder_NETT

Elevar frå 6. trinn frå Sagene skole, Lilleborg skole, Prinsdal skole, Vinderen skole, Eidsmarka skole, og Ekeberg skole møtte opp for å vere med på lanseringa av Bokslukerprisen. Klassane har allereie starta arbeidet med å lese gjennom Boksluker-antologiane, og på lanseringa på Oslo Bokfestival fekk dei møte to av dei nominerte forfattarane til Bokslukerprisen.

Alexander_Løken_NETTFørst ut var Alexander Løken, forfattar av Trollskallen, ein av dei ti bøkene som er med i Bokslukerprisen. Han var møtt med unison jubel da han kom på scena. Løken var veldig spent på tilbakemeldingane frå elevane på boka si, og kunne avsløre at det allereie i januar 2015 ville komme ein oppfølgar til Trollskallen.

Aril_Stavrum_NETT
Arild Stavrum vart òg møtt med jubel. Hans bok Maradonnas magi er med i Bokslukerprisen, og Stavrum snakka om kor viktig litteraturen hadde vore for han som fotballspelar, og kor viktig det var å kombinere bøker og fotball.

Poesislammer Taro Vestøl Cooper drog opp stemninga og var for mange eit første møte med poesislam. I tillegg drog programleiar Kristine Magnesen frå NRK i gong ein quiz. Høgdepunktet for mange var truleg da vinnaren av årets Melodi Gran Prix Junior, Mathea-Mari, kom på scena og framførte vinnarbidraget sitt.

Bokslukerprisen er ein ny aksjon for året i regi av Foreningen !les. Heile 25.000 elevar frå 6. trinnet i den norske skolen er med på aksjonen, og lanseringa i Spikersuppa var det offisielle startskotet. No skal klassane lese alle utdraga i Boksluker-antologien, før juryklassane over jul les dei fem bøkene som er best likt. På verdas bokdag, 23. april, blir Bokslukerprisen delt ut til forfattaren av den boka som juryklassene har likt best.

Wanda_publikum_NETTI Spikersuppat var også tXt-aksjonen lansert. tXt-aksjonen er ein leselystaksjon for ungdomsskolen. Elevar frå Fyrstikkalleen skole fekk møte forfattarane Siri Pettersen, forfattar av suksessen Odins barn, og Uprisen-vinnar Thomas Enger. Musikar Hannah Storm spelte nokre av sine eigenkomponerte songar, mens dagleg leiar i Foreningen !les, Wanda Voldner snakka om kvifor tXt-aksjonen er ein viktig institusjon på ungdomsskolen.

Under lanseringa av tXt-aksjonen var Bokhandlarnes barne- og ungdomsbokstipend delt ut. Stipendet vart tildelt Sunniva Relling Berg. Relling Berg debuterte i 2011 med romanen Utfor, og følgde opp med romanen Beina i gitaren i 2013. Foreningen !les gratulerer!