Svarte-Mathilda

Av: Tor Arve Røssland i Uprisen 6 anmeldelser

[finnboka query="Svarte-Mathilda" btnClass="primary-button"]

Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år.

Når Elisabeth flyttar inn, tar det ikkje lange tida før ho ser ting foreldra ikkje ser, og høyrer kviskring foreldra ikkje høyrer. Elisabeth begynner å grave i historia til drapet, med god hjelp av den nye klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo. Dei kjem over legenda om den demoniske Svarte Mathilda som gøymer seg i ein spegel og som kjem dersom du roper på henne. Philip trur ikkje på denne historia, og han overtaler Elisabeth til å vere med på å prøve det ut …

Svarte Mathilda er ei grøssarforteljing som strekkjer seg frå 1800-talet i Hardanger til Venezia i vår tid, og som garantert overraskar til siste side.

Forlag: Samlaget