Elias og Emilie

Av: Stein Erik Lunde i ungdom, Uprisen, Uprisen 1 anmeldelse

Åsgårdstrand 1904. Det som pleier å skje, skjer også denne sommeren: sol og måne skinner, dampbåten kommer og går, Edvard Munch bor i sitt gule hus, fisken biter og taterfølget slår leir i skogen. Men det er første gang Emilie er her. Hun ferierer i Åsgårdstrand sammen med familien. Elias er sønn av en av stedets skomakere. De er begge seksten år.

Tilbake til oversikt

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2013

En anmeldelse av “Elias og Emilie

  1. Karsten (Skole: Sinnes Skule)

    Tittel: Elias og Emilie
    Forfattar: Stein Erik Lunde
    Sider: 195
    Forlag: Cappelen Damm
    År: 2013

    I boka “Elias og Emilie” møter vi Elias, ein 16 år gamal gut frå Åsgårdstrand, som jobbar som fiskar. Elias leverer fisk til målaren Edvard Munch og andre folk som ferierer der. Det er ein familie Elias likar spesielt godt å levere fisk til, familien Ringvold. Familien Ringvold kjem frå Kristiania, har god økonomi og ikkje minst ei jente som Elias tykkjer er veldig pen. Likevel er det noko mellom dei, nærast som ein barriere som gjer at eit forhold mellom dei blir vanskeleg. Denne barrieren er ein annan gut med namn Ludvig Arctander. Elias finn ut at grunnen til at han ikkje klarar å få i gong eit forhold med Emilie er på grunn av Ludvig, som tilsynelatande er kjærast med Emilie. Det blir ein klassisk kjærleiksroman kor Elias må ta vanskelege val.

    Dette er den 17 boka til Lunde. Boka har veldig få spenningstoppar. Det meste av handlinga som skjer er ganske openbar. Utanom slutten som kom heilt overraskande og litt urealistisk. Likevel er ho lett å lese, med lette setningar og korte kapittel. I tillegg er ho ganske interessant. Temaet i boka handlar om forelsking, lengsel og litt om fordommar. For eksempel så kan ein lese i boka om eit folk som heiter taterar, som reiser rundt frå plass til plass. Dette folket blir ofte fordømt av dei andre og kalla fantar (som betyr skattesnyltarar). Seinare finn Elias ut at han har eit større forhold til dette folket enn det han kanskje trudde. Dette er kanskje bodskapen med heile boka. For min del er ikkje dette ei bok eg ville tenkt på dersom eg skulle anbefala ei bok. Men likevel meiner eg at dersom ein opnar boka på første side og byrjar å lese med eit heilt ope sinn, vil boka sikkert falle godt i smak hjå dei aller fleste. Det gjorde ho hjå meg.

Anmeld denne boka

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*