Å utvide si eiga lesarhistorie

– Eg finn stadig nye gullkorn, seier Ann Kristin Hovstad ved Gloppen bibliotek om barne- og ungdomslitteratur.

Skrevet april 10, 2017 i Foreningen !les 20 år: 1997 - 2017, Nyheter Legg inn kommentar

Foreningen !les er 20 år. I jubileumsåret vil vi publisere tekstar og helsingar frå personar som har bidrege i foreningens arbeid med å fremme leselyst blant barn, ungdom og vaksne


Neste 20-årstekst kjem frå Ann Kristin Hovstad ved Gloppen folkebibliotek. Ann Kristin brukar Foreningen !les sine aksjoner i bibliotekarjobben og var arrangør av lanseringa til Tid for ti i januar i år.

«Etter å ha hatt Velkomen-til–biblioteket-besøk i 1. klasse, fekk eg dette møtet med ei jente og mora:

Dei kom målbevisste inn i lokalet, jenta fyrst, tett fylgt av mora. Dei stoppar framfor eventyrhylla: «Mamma her har dei prinsessebøkene – og eg kan låne så mange eg vil!». Ho vel ut Snøkvit og kjem mot skranken. Lånekortet ligg i den rosa skulderveska, glidlåsen på veska er litt vanskelig å få opp. Det er kø ved skranken, men både jenta og eg tar oss god tid. I dag er det viktig å få brukt det heilt nye lånekortet ho fekk sist veke.

Gloppen folkebibliotek har dei siste åra, samen med fleire andre kommunar i fylket, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Høgskulen i Oslo og Akershus, vore med i prosjektet Lesarhistorie – nye vegar til lesaren. Vårt delprosjekt har tittelen Tidleg danning – å skape trygge bibliotekbrukarar.

Eg har gjennom prosjektet fått følgje elevane i ei klasse tett i deira leseutvikling. Det fyrste møtet hadde vi våren i 1. klasse, og no nærmar vi oss slutten på 3. klasse. Samarbeidet med skulen er kopla opp mot kompetansemåla i norsk for det aktuelle klassetrinnet, og tett samarbeid med læraren har gitt felles fokus. I prosjektet brukar eg ulike hjelpemiddel for å verte kjend med den enkelte elev, for på den måten å kunne gi kvar enkelt ein tekst eller ei bok som treff dei der dei er i si lesarhistorie.

Vi har hatt mange samlingar, og høgtlesing har altid vore ein viktig del. Ei av bøkene som eg har brukt i denne klassa, og i fleire andre klasser, er Sov søtt, herr Spiss av Erna Osland. Dette er ei illustrert fagbok, på rim, som fortel historia om den vesle musa som har så vanskelig for å få sove om magen ikkje er heilt full. Undervegs i boka møter musa andre dyr og menneske, og observerer korleis dei søv. Boka inneheld og ein faktadel. Mi erfaring er at bøker som denne treff veldig mange av elevane, både dei faktainteresserte, dei som likar den gode historia, dei som likar rim og dei som likar illustrerte tekstar.

I ei av dei andre samlingane eg har hatt med denne klassa var temaet dikt. Då var det fint å kjenne roen som senka seg i rommet når eg las høgt. Elevane hadde auga igjen for betre å kunne fokusere på bileta dei danna seg når dei høyrde teksten. Dikt som Margaret Mo av Finn Øglænd, Kva er regnet? av Oskar Stein Bjørlykke, Kra kra av Marit Tusvik og Høner gjer meir av Per Olav Kaldestad er eksempel på tekstar som elevane likar godt.

Eg les til vanleg mykje av den nye barne- og ungdomslittaratur som kjem. Dei to siste åra har eg gjennom prosjektet lese ein god del meir, ikkje berre av ny litteratur, men og av det som kom for nokre år sia, og eg finn stadig nye gullkorn. Prosjektet har også utvida mi eiga lesarhistorie! Dikt har aldri vore min favoritt, men no byjar den interessa å vakne også.

Gode verktøy er viktig i arbeidet med Lesarhistoria. Leseskogen til Foreningen !les er ein av dei nettstadane eg brukar som hjelpemiddel i arbeidet mitt med å vekke lesegleda hjå dei yngste lånarane. Foreningen !les gjer eit godt og viktig arbeid – og vi gratulerer med jubileet!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *