!les20: Dagbøkene til Lars Norén som meditasjon

Forfattar Eirik Ingebrigtsen skal meditera seg langt inn i dagbøkene til blant anna Lars Norén. Les Eiriks 20-årstekst til Foreininga !les her.

Skrevet august 21, 2017 i Bibliotek/lærer, Foreningen !les 20 år: 1997 - 2017, Nyheter Legg inn kommentar

Foreininga !les fyller 20 år i år. Kvar veke i jubileumsåret vil vi publisere tekstar frå personar som har vore viktige i vårt arbeid med å skape leselyst blant barn, unge og vaksne.

Denne veka kjem teksten frå Eirik Ingebrigtsen. Eirik er forfatter, ein offensiv forsvarsspelar på det norske forfattarlandslaget i fotball og prosjektansvarleg i Norsk Forfattarsentrum. Han har sitte i styret til Foreningen !les og vore ein viktig samarbeidspartnar, til dømes ved forfattarlandskampar på Lillehammer og prosjektet Les for meg, pappa!

«Eg les ein del norske romanar og dikt før mitt aller siste møte i Det litterære Råd. Etter seks år der skal eg no bli ein «sivil» lesar igjen og lesa meir utanlandsk litteratur, særleg svensk. Skal meditera meg langt inn i dagbøkene til Lars Norén, bl.a.

Eg les (og skriv) for å tilføra den der summande samtalen ein har med seg sjølv og andre, kontinuerleg, noko anna enn det lette inntaket av underhaldning, aviser og fotball, som eg jo også set pris på. Bøkene tar ikkje så lett slutt, dei strekker i og utvidar språk og tanke.

Eg les fordi det er eit alternativ, du blir rolegare og meir merksam når du etterpå skal ha ein ålreit samtale med barna dine. Dessutan er det meir meiningsfult, demokratisk og fredsbevarande enn å sitja på sosiale medier kl 23:50 og kjekla om kva norsk etnisitet er og skal vera, gradar av rasisme ulike utsagn har og om kor borgarkrignært det er i Sør-Sverige.

Eg hadde det morosamt med !les dei gongane !les var medarrangør av Forfattarlandslagskampane på Lillehammer. Dessutan har eg sitte i styret som Norsk Forfattarsentrums representant, noko som gir eit nært innblikk i alle gode lesetiltaka foreininga er involvert i.

Hald fram med å fyll fotballbagane til trenarane med litteratur. Etter trening og instasnapping, er det tid for bok!»